INNTAKS-

REGLEMENT

KVS-Lyngdal [vedteken september 2018]

Innleiing

Alle søknader om elevplass på KVS-Lyngdal vert avgjort i samsvar med dette reglementet. Reglane er utarbeidde for KVS-Lyngdal med heimel i friskolelova §3-1. Hovudprinsippa samsvarer med departementet sine forskrifter til fylkeskommunale vidaregåande skolar. Skolen er open for alle med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett eller vaksenrett), jamfør friskolelova §3-1, første ledd.

Generelt

§ 1 Det er ein føresetnad for inntak at elevane vil rette seg etter reglane for skolen.

§ 2 Skolen har heile landet som inntaksområde. Søknad skal registrerast på vigo.no – tilsvarande som for dei offentlege skolane. Sjå også www.kvs.no for meir informasjon.

§ 3 Inntaksnemnda vurderer søknader om inntak på særskilt vilkår etter anmodning frå fylkeskommunen og innstilling frå fagansvarlig for tilrettelagt undervisning.

Søknad VG1

§ 4 Ved inntak til VG1 blir endeleg karakter i avslutta fag, og summen av karakterar til jul i fag som blir avslutta i 10. klasse, lagt til grunn.

Søknad – VG2 og VG3

§ 5 Elevar ved KVS-Lyngdal må søkje om inntak til kvart skoleår. Ved inntak til neste skoleår vert karakterane frå 1. termin lagt til grunn.

§ 6 Føresetnaden for å verte teken inn og få elevplass på vidaregåande kurs 2 og 3 er at eleven har fullført og bestått det naudsynte vg1 eller vg2. Søkjar som ikkje har stått i eitt eller fleire fag, kan takast inn som fulltidselev etter vurdering av inntaksnemnda ved skolen.

Inntaksrekkefølgje

Ved oversøknad vil søkjarar bli tekne inn etter følgjande prioriteringar:

§ 7 Inntak etter poengutrekning.

Dei som har høgaste poengsum kjem inn først, med unnatak av det som går fram av §8.

§ 8 Inntak utanom vanleg poengutrekning.

a) Søknader som kjem inn under §§ 6-22 – 6-26 i forskrift til opplæringslova. Inntaksnemnda avgjer på grunnlag av skjønn.

b) Søkjarar som har fått skoleplass tidlegare år, men som har trekt seg eller slutta av grunnar som rektor kan godta, har fortrinnsrett til same kurs ved neste års inntak. Søkjar må sende ny søknad innan fristen, og sende grunngjeving for avbrotet – direkte til skolen.

c) Elevar som går på KVS-Lyngdal når dei søkjer vg2 og vg3 blir prioritert før eksterne søkjarar, når dei har bestått i alle fag, har minimum 32 poeng og beste karakter i orden og åtferd. Ved søknad til vg3 studiespesialiserande vil elevar som går vg2 ved skolen ha fortrinnsrett når dei har bestått karakter i alle fag.

d) For å sikre en balanse mellom gutar og jenter, bør ikkje forholdet mellom kjønna ved eit kurs vera skeivare enn 30/70. Dersom inntaket synliggjer ei skeivare fordeling til eit kurs, vil det kjønnet som er underrepresentert få eit tillegg på 0,3 poeng lagt til gjennomsnittet.

e) På utdanningsprogram idrettsfag kan elevar få 0,3 tilleggspoeng på bakgrunn av idrettslege prestasjonar. Eleven må søkje skolens ordinære inntak og sende inn skjemaet Tilleggspoeng for idrettslege prestasjonar. For å få tilleggspoeng må dette minimum væra oppfylt:

• Skolen må tilby undervisning i idretten.

• Eleven må utmerke seg på regionalt nivå eller høgare i sin idrett (dokumentert av krets eller forbund).

Inntak

§ 9 Inntaket vert gjort ut frå dei godkjenningar i fagtilbodet som skolen til ei kvar tid har.

§ 10 Inntaket skjer ved ei inntaksnemnd som består av rektor og inspektørane.

§ 11 Tvil om tolking av reglementet vert avgjort av inntaksnemnda ved utfyllande vedtak.

§ 12 Etter førsteinntaket vert det føreteke inntak til eventuelle ledige plassar. Søknader som kjem inn etter fristen, vil bli vurderte ved ny gjennomgang av ventelister 1. august. Supplering av inntak kan skje fram til 10. september.

§ 13 Klage på avslag om elevplass ved inntak, skal sendast til skolen ved rektor.

Skolen handsamar saka og gjer om vedtaket, eller sender saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd (jfr. friskolelova §3-1, sjette ledd).