KARAKTER-

Dokumentasjon

Standpunkt- og eksamenskarakterar vert publisert på iSkole nokre få dagar før skoleslutt.

Avgangselevar

Vitnemål eller kompetansebevis vert delt ut på avslutningsfesten.

VG1 og VG2 – elevar:

Karakterane ligg tilgjengeleg på iSkole og karakterutskrift vert ikkje delt ut på papir til VG1- og VG2-elevar. Karakterutskrift på papir kan du få ved å henvende deg til kontaktlærar/resepsjon.

I vurderingsforskrifta for vidaregåande skole står det at kompetansebevis kan gjevast som dokumentasjon for fullført årskurs. Dersom du fortset utdanninga di i studieretninga treng du ikkje eit kompetansebevis. Du vil då få eit vitnemål etter fullført tre-årig løp. (Når alle fag er bestått).

Dersom du likevel ønskjer eit kompetansebevis må du bestille eit slikt frå skolen.

Første utskrift avkompetansebevis er gratis for eleven.

Klagerett

– Klage på karakterar

Frå forskrift til friskolelova av 01.08.2006

Standpunkt og eksamenskarakterar kan det klagast på. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setja karakter. Den som kan klage er elev eller føresette. Den som kan klage kan krevje grunngjeving for karaktersetjing.

Klagefristen er 10 dagar frå karakterer er gjort kjent for eleven. Før det blir sett fram klage bør klagaren ha samrådd seg med ein faglærar. Klagen må vera skriftleg og vera underteikna.

Klagen leveres til rektor. Klage kan føra til at karakteren blir uendra, eller at den vert endra til gunst eller til ugunst for eleven. Eleven skal ha svar på klagen innan 3 månader.

Klagebehandling

1. Ved skriftleg eksamen.

Ein elev har etter at karakter er sett, rett til å få sjå oppgåvesvaret dei leverte.

Klagen blir avgjort av ei klagenemnd oppnemnd av fylket/departement.

Nemnda får vita kva karakter som er gitt. Karakteren kan bare endrast dersom nemnda finn at karakteren er urimeleg. Eleven har også rett til å gjere seg kjent med eventuelle retningslinjer gitt til sensorane.

2. Ved standpunktkarakter, munnleg og praktisk eksamen.

Det er bare formelle feil, og om reglar for karakterfastsetjing er følgd, som skal vurderast av klageinstansen. Klageinstans er ei nemnd oppnemnd av Vest-Agder Fylkeskommune. Klage skal skrivast på skjema for klage som ligg på Fronter.

Dersom klagaren får medhald:

Standpunktkarakter: – må rektor og faglærar setja karakteren på ny. Rektor set endeleg karakter. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.

Munnleg eller praktisk /munnleg eksamen: – kan eleven gå opp til ny eksamen.