Vedtatt av Skolens styre 30. mai 2016 – revidert januar 2022.
Målsetjing
Det er Indremisjonsforbundet som eig skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.
§1 Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje er noko å utsetja på dei.
§2 Elevane må ta omsyn til kvarandre. På internatet må det ikkje spelast høg musikk eller lagast bråk, slik at det ikkje er arbeidsro på romma. Alle elevar må retta seg etter gjeldande ro-tider, og skal overnatta på sitt rom.
§3 Alle skal registrere seg på permisjonsliste, anten dei skal vera på skolen eller skal heim/vekk i helga. Dei som ikkje har fylt 18 år, må ha med løyve frå foreldre/føresette dersom dei skal reisa andre stader enn heim.
§4 Det er forbode å nyta eller ha i si varetekt alkohol eller andre rusande middel. Det er forbode å vera rusa på skolen sitt område eller på arrangement eller reiser i skolen sin regi.
§5 Røyking og snusing er ikkje tillate på skolens område. Utanom skoletid er det lov å røyke på område kunngjort av skolen. Vannpipe og vannpipetobakk er ikkje lov å ha på skolens område. Røyking inne (sneipar og lukt på rommet) fører til at rommet blir vaska ned for romleigaren si rekning. Røyking på korridor/altan fører til tilsvarande kostnad med nedvasking av korridor.
§6 Av omsyn til brannfare må levande lys brukast forsiktig. Stearinlys kan brukast i glas/vase der kanten kjem høgare enn flammen på lyset.
§7 Bilar må plasserast på oppmerka plass. Uregistrerte bilar kan bare takast inn etter avtale med skolen. Syklar, mopedar og motorsyklar skal plasserast på oppmerka plass. Fartsgrense på skoleområdet er 25 km/t.
§8 Elevane må ikkje ha skytevåpen, paintballmarkørar, softgun og ammunisjon på skolen sitt område utan etter nærare avtale. Dei skal oppbevarast i skolens våpenskap.
§9 Elevane er ansvarlege for innbuet og rommet dei er tildelt. Oppslag og liknande som kan vera støytande kan bli fjerna, eller kravd fjerna. Det er restriksjonar på bruk av kvitevarer. På A internatet er det ikkje høve til å ha eigne kvitevarer grunna kapasiteten på det elektriske anlegget. På dei andre internata kan ein få bruka nyare utstyr som skal vera kopla til tidsur/sikkerhetskopling.
Det er ikkje lov å ha dyr på internatet.
§10 Elevane må til ei kvar tid halda god romorden. Rom og innbu skal ikkje bytast utan etter avtale med skolen. Møblar skal ikkje flyttast utan etter avtale med skolen. Skolen har tilsynsrett på elevromma, og det er romsjekk omtrent kvar 14.dag.
§11 Kost og losjisatsane inkluderer rom, fellesrom og måltider. Husleige må betalast kvar månad. Elevar som vil flytta ut av internatet må betala full sats i oppseiingstida, som er ein månad. Det kan gjerast unnatak frå dette. Ved manglande frammøte til skole over tid, kan skolen seia opp internatplassen med oppseiingstid på ein månad.
§12 Det er i utgangspunktet pålagte plikter med kjøkkenteneste. Dei som ikkje stiller opp til dette får merknader og må betala for vikar. I staden for kjøkkenteneste kan ein velja å betala. Etter eit måltid skal kvar elev rydda etter seg. Elevane må bidra til orden på internatet. Det inneber vask av fellesareal etter oppsett liste.
§13 Dersom du vil ha besøkande for overnatting, skal det avtalast med husmor. Besøk midt i veka vert avgjort etter søknad. Besøkande betaler for seg før dei reiser. Elevene som har besøk er ansvarlege for at deira gjester betaler.
Overnatting på eige rom gjeld kun personar av same kjønn. Gjester må også førast på
gjesteliste. Gjester må innrette seg etter skolens reglar.
Det er ikkje lov å ta inn på internata rusa personar eller personar som lagar bråk. Romeigaren eller andre må straks seia i frå til tilsyn når det er slike folk på skolen.
§14 Skade på bygningar, innbu, dyr, utstyr m.m. må straks meldast til skolen av dei som oppdagar skaden eller er skuld i denne. Elevane er ansvarleg for skade dei valdar som skuldast uvøren framferd eller aktløyse, og må då svara fullt vederlag. Blir skaden ikkje meld, er det å rekna som hærverk og vil få disiplinære konsekvensar.
§15 Reglar for kommunikasjon og multimedia
a) Vanlege reglar som gjeld for mellom-menneskelege forhold, gjeld også for Internett og elektronisk kommunikasjon ved KVS-Lyngdal. Det tyder mellom anna at ein skal bruka eit allment akseptert språk i kommunikasjon med andre menneske.
b) Det er forbode å søkja etter, lasta ned, lagra, skriva ut, eller spreia materiale som:
c) Det er forbode å senda e-post som har til formål å skada, til dømes ”mail-bombing”, virusspreiing etc. Det er forbode å logga seg inn på eller prøva å bryta seg inn på ein annan sin konto. Det er ikkje tillate å informera andre om sitt eige eller andre sitt passord.
d) Kvar brukar er sjølv ansvarleg dersom det blir gjort avtalar på Internett, økonomisk eller på annan måte. Skolen er ikkje ansvarleg dersom privat datautstyr blir borte eller filer/data forsvinn.
§16 Brot på reglementet for internat og fritid kan frå skolen si side føra til desse tiltaka:
Særskilde refsingstiltak vert brukt ved til dømes brot på § 4, § 13, hærverk, misbruk av brannalarm, ulovleg bruk/oppbevaring av fyrverkeri.
Utvising vert brukt ved alvorlegare forsømingar og regelbrot. I alvorlege tilfelle ved 60 prikkar, eller ved fleire brot av same karakter, kan eleven bli utvist for resten av skoleåret.
Plikta til betaling opphøyrer ikkje utan vidare av den grunn. Gjentekne brot på reglementet eit skoleår kan føra til at eleven ikkje får internatplass neste år. Utvisning frå undervisninga fører automatisk til utelukking frå internatet.
§17 Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Før særskilt tiltak blir teken i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.
Særskilt tiltak blir rekna som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klaga på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er styret for skolen.